
Sogn og Fjordanemeisterskapen i yrkesfag / Ungt Entreprenørskapsforum 2019
Torsdag 14.februar. Stad: Operahuset Nordfjord/Eid vidaregåande skule
Velkomen til ein spennande dag på Eid vgs!
På verkstadar og i klasserom, vil det vere 160 elevar på vg2 yrkesfag, som konkurrerer i 24 ulike fagområde. Det skal kårast ein vinnar frå kvart fagområde som blir årets Fylkesmeister 2019. Fylkesmeistrane går direkte vidare til Skule-NM 2019. Det er også påmeldt 110 elevar på fylkesmessa for ungdomsbedrifter. Her skal det avgjerast kven som blir årets ungdomsbedrift i Sogn og Fjordane 2019. Med besøkande frå fleire opplæringskontor, dommarar frå næringslivet og elevar og lærarar frå nesten alle dei vidaregåande skulane i fylket, vil det bli over 600 personar innom dørene på Eid vgs, i tillegg til våre eigne elevar denne dagen.
Det vil bli lagt opp til at publikum kan gå rundt i skulen i ei merka «løype». Då vil ein kome tett på elevane som konkurrerer i dei ulike fagområda, og ein vil få oppleve og sjå alle ungdomsbedriftene som deltar i Ungt entreprenørskap si fylkesmesse. Vi har elevar som vil guide alle besøkande rundt om på skulen.
Alle ungdomsskulane i Nordfjord er inviterte til arrangementet. Dette vil vere ei god moglegheit for elevane på ungdomsskulane til å få ei nyttig yrkesrettleiing.
PROGRAM DENNE DAGEN:
Sogn og Fjordanemeisterskapen i yrkesfag:
09.30 Opning i Operasalen v/ statssekretær Tom Erlend Skaug og rektor Ove Bjørlo, Eid vgs.
10.00 Konkurransestart
14.00 Konkurransane avsluttast
14.30 Premieutdeling i Operasalen ved Ass. Fylkesdirektør Tor-Einar H. Skinlo og rektor Ove Bjørlo, Eid vgs.
Meir info om konkurransen finn du på desse nettstadane:
worldskills.no og worldskills - youtube.no
09.00 - 11.00 Registrering og klargjering av stand på messeområdet. Stand vil bli tildelt ved frammøte i info desk på sjølve messa.
09.30 Opning i Operasalen v/ statssekretær Tom Erlend Skaug og rektor Ove Bjørlo, Eid vgs.
11.00 - Informasjonsøkt om Ungt Entreprenørskapsforum 2019 - Fra scena i Kantina
11.30 - Lunsj. Elevar, studentar og lærarar får lunsj utdelt på stand.
11.30 - Ungdomsbedriftene / studentbedriftene må ha rigga ferdig sine stand.
12.00 - UB / SB utstillingane opnar. Bedriftene blir intervjua på stand av jury og representantar frå Ungt Entreprenørskap.
12.30 – 13.45 Ungdomsbedrifter i klassen «Beste ungdomsbedrift» og studentbedrifter i klassen «Beste studentbedrift» presenterer seg frå scene i Kinosalen.
Tidpunkt blir slått opp i messeområdet.
13.45 – 14.30 Kurs / erfaringsutveksling for UB lærarar.
15.30 – 16.00 Rydding av stand – messeområde UB og SB
16.00 – 16.30 Premieutdeling UB / SB - Operasalen
Meir info om finn du på denne nettstaden: ue.no