Eid vidaregåande skule
Søkerhandbok for skuleåret 2020_2021

Søknad og inntak

I vidaregåande opplæring er det mange utdanningsprogram å velje mellom.
Ordinær søknadsfrist er: 2. mars   Du søkjer på:  vigo.no   

Søknadsfrist 2. mars for ordinære søkjarar
Søkjarhandboka 2020 kan du finne detaljert informasjon om alt som omhandlar søking til vidaregåane opplæring.

Utdanningstilbod på Eid vgs er:

Studieførebuande utdanningprogram
  • Studiespesialisering
  • Påbygg til generell studiekompetanse, både på Vg3 og Vg4 nivå
  • Grunnskuleklassar for minoritetsspråkleg ungdom
Yrkesfaglege utdanningsprogram
  • Frisør-,blomster- og interiør og eksponeringsdesign (vg1)    
    ​Nytt nasjonalt utdanningsprogram frå hausten 2020 

    - Vg2: Frisør
    - Vg2: Interiør og utstillingsdesign
 
  • Handverk, design og produksjonsutvikling (vg1)
    Nytt nasjonalt utdanningsprogram frå hausten 2020 
           Vg2: Trearbeid frå hausten 2021, eller 1+ 3 modell
 
  • Teknikk og industriell produksjon (vg1)
    - Vg2: Industriteknologi
    - Vg2: Industriell møbelproduksjon - Landsdekkande tilbod
 
  • Elektrofag (vg1
    - Vg2: Elenergi og ekom
    - Vg2: Datateknologi og elektronikk
    - Vg2: Automatisering
    - Vg3: Dataelektronikerfaget
    - Vg3: Automatiseringsfaget 

 

Frå 1. januar 2020 er Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman til eitt fylke; Vestland. I Vestland fylke kan du velje mellom 44 offentlege skular. Skulane våre tilbyr eit breitt tilbod av programområda som finst innanfor vidaregåande opplæring, og desse fører fram til mange fag og yrke. Omtale av dei ulike utdanningsprogramma finn du på vilbli.no. Her finn du også lenkje til vigo.no som er den sida du skal registrere søknaden din på. Alle som er busett i Vestland fylke kan søkje skuleplass i heile fylket, men vil få førerett til skular i det området ein bur. Det betyr at dersom ein bur i tidlegare Hordaland vil ein få førerett til skulane som ligg i tidlegare Hordaland. Det same gjeld for dei som bur i tidlegare Sogn og Fjordane.