Skuleval Eid vgs 2019

Skuleval 2019

04. september 2019

I går, tysdag 03.09, var det skuleval ved Eid vidaregåande skule. Av 335 elevar var det 291 elevar som avla sin stemme. Av desse var det 12 som stemte blankt. 

Det var SV som kom best ut av valet, med heile 24 % av stemmene. Etter SV kom SP med 21,1 % og Venstre med 20,8 %. 

Dei partia som gjorde det dårligast ved årets skuleval ved Eid vgs var KRF (0,7 %), Raudt (1,4), FrP (1,8 %) og MDG (2,2 %).

 

Valresultat 2019

Tips ein ven Skriv ut