Eid vidaregåande skule

Skulen har starta opp att

Alle klassene startar opp, men ikkje alle klasser har vanleg timeplan. Det er ein variasjon av heimedagar, skuledagar, lesedagar og heildagsprøver. Nokre har heile verkstaddagar og nokre er i utplassering. Alle klassar har fått oppsett frå sine kontaktlærarar.

Skulen har rigga seg til å ta imot elevane att. Det er ein rekkje smitteverntiltak på skulen, ekstra handsprit, elevane vaskar pultar og utstyr etter seg, og reinhald har ekstra reinhald av toalett og berøringsoverflater. Alle gler seg til å få ein litt meir normal avslutting av skuleåret!