Plakaten til musikalen Oklahoma!

Skulemusikalen Oklahoma!

Premiere torsdag 28. februar nærmar seg. Billettar får du kjøpt på www.operahuset.no. Det er forestillingar 28.febr  kl 19.00, 1.mars kl 19.00 og 2.mars kl 15.00.

Eid vidaregåande skule set i 2019 opp ein ekte westernklassikar som skulemusikal i år!
 
Vi er i Oklahoma, USA i 1906. Cowboyen Curly er forelska i den vakre Laurey som bur med tanta si, Eller. Den litt skumle gardsguten Jud er også forelska i Laurey. Både Curly og Jud vil ta ho med på dansen om kvelden, og her oppstår det sterke følelsar. Samtidig føregår det fleire romansar, det blir slåsting, dans, gevær, forvirring, pengeproblem og drama.
Dei mest kjende songane i stykket er «Oh, What a Beautiful Mornin» og «Oklahoma». Musikalen er skrive av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II og vart første gong sett opp på Broadway i 1943 og filmatisert i 1955. Norgespremieren var i regi av Det Norske Teateret allereie i 1949. Musikalen har sidan vore populær på fleire scener i Noreg og over heile verda.
 
Musikalen varer i om lag 2,5 time inkludert pause. 

I vår produksjon er det kunstnariske teamet Michael Pavelich, Candice Bredesen, Ovar Holmen og Eirik Andreassen og faglærarar Gislaug Heinum og Toril Rundereim. I tillegg samarbeidar vi med Opera Nordfjord og Operahuset Nordfjord om oppsettinga. Det er 29 elevar på scena som har øvd og jobba sidan november og fleire elevar som har hjulpet til med scenografi, rekvisitar, kostymer, sminke og hår.

Billettar får du kjøpt her

Tips ein ven Skriv ut