Påføring av sminking før gjennomføring av PLIVO-øving

Samøving for politi, brann- og redning og helse i Nordfjord.

PLIVO står for pågåande livstrugande vald. I mai har det vært to dagar med samøving for politi, brann- og redning og helse i Nordfjord. Elevar og tilsette ved Eid vgs gjorde ein god jobb som markørar (skodespelarar som spelte skadde), der fleire viste stort skodespelartalent. 

Galleri

PLIVO_08052019
PLIVO_22052019
PLIVO_Steinar

Vedlagt er bilde frå øving 08.05. og 22.05. Onsdag 08.05. deltok også markørar frå Stryn vgs. Onsdag 22.05 var det hovudsakleg elevar og tilsette ved Eid vgs. Øvinga var ved Eid ungdomsskule begge gongane.  

Tilbakemeldingane frå naudetatane var at det var svært godt spel frå markørane, noko som gjorde øvinga meir realistisk, som igjen gjorde at naudetatane lærte meir. 

 

 

Tips ein ven Skriv ut