Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Samlar lærlingane i fylket

Det er igjen tid for dei årlege lærlingsamlingane til fylkeskommunen – på Kaupanger 6. februar, på Eid 7. februar og i Førde 8. februar.

Fylkeskommunen inviterer lærlingar og lærekandidatar som har teikna lærekontrakt i 2017 til lærlingsamling. Ein representant frå lærebedrifta, anten fagleg leiar eller instruktør, kan også melde seg på.

Samlinga tek opp aktuelle tema både for læretida og for tida seinare som fagarbeidarar. Det vert blant anna informasjon om det å vere arbeidstakar ved ungdomssekretær i LO, Øyvind Møller, og om det å ta vidare utdanning på fagskular etter fagbrev.

Du kan sjå heile programmet for samlingane her.

Fylkeskommunen ser samlinga som ein del av opplæringa og oppmodar sterkt alle lærlingar og lærekandidatar til å delta.

Fristen for å melde seg på er måndag 15. januar.

På denne lenka finn du meir informasjon om samlingane og kan melde deg på.