Eid vidaregåande skule
Ferdig regnbogesirkel som heng klar i ViteMeir senteret i Kaupanger.

Ferdig regnbogesirkel som heng klar i ViteMeir senteret i Kaupanger.

Regnboge

I starten av skuleåret fekk elevane på vg1 Handverk, design og produktutvikling eit oppdrag frå ViteMeir senteret i Kaupanger som vi ikkje kunne seie nei til. Vi fekk i oppdrag å lage ein regnbogesirkel som skulle ha ein diameter på rett under 2 meter.

Galleri

IMG_6019
Her er det klipping av ulike tekstilar som vi skulle bruke til regnbogen. Ein god del «gamle» klede.
IMG_6024
Her er ¼ av regnbogesirkelen laga i pleksiglas på vannskjerar inne på TIP verkstedet.
IMG_5814
Ein av utprøvingane som demonstrera det elevane tenkte
IMG_6143
Arbeidet er i gang. Mykje lim måtte til.
IMG_6164
Ferdig regnboge klar for levering.

Elevane har gjennom ein prosess laga ulike forslag til kva materiale og teknikkar som kunne passe, dei har laga utprøvingar, og i ein tett dialog med dei i Kaupanger kom dei fram til eit produkt i tekstil og pleksiglas.

Det var viktig for ViteMeir senteret at regnbogesirkelen skulle vere berekraftig og at vi kunne tenke gjenbruk. Det vart pleksiglas med tanke på at den skal kunne vare, og ein kan bruke det om att ved eit seinare høve. Tekstilen som er brukt er for det meste klede som tidlegare har vore brukt av tilsette på skulen eller ungane deira.

ViteMeir senteret har opning torsdag 11.november i Kaupanger, og regnbogen har fått ein plass i eit vindauge i temasona Klima og vêr. Hensikta med å ha ein regnbogesirkel er for å formidle til publikum at regnbogar faktisk er sirkulære, men at vi oftast ser berre ein del av sirkelen.