Rådgjevingsteneste
Rådgjevarane samarbeider og med mange andre grupper/personar:
- Opplærings-, utviklings- og informasjonsleiar
- Kontakt- og faglærarar
- NAV
- Helsesøster
- Spesialpedagogisk ansvarlege ( stilling på skulen)
- Rådgjevarar ved ungdomsskulane
- Miljøkoordinator ( stilling ved skulen)
- BUP
- PPT
- OT
- Meltunet barne- og ungdomsheim
I samband med utdanning/yrke har vi mykje kontakt med universitet/høgskular, Lånekassa, forsvaret og opplæringskontora for yrkesfag.
Nyttig tips:
Ikkje vent med å ta kontakt viss du treng hjelp. Du kan snakke med faglærar, kontaktlærar, rådgjevar eller andre.
Foreldre/føresette:
Rådgjevarane håpar at de tek kontakt med skulen så snart råd er viss det er noko vi kan hjelpe til med. Samarbeid med heimen ser vi på som viktig.
Skuleår i utlandet?
Elevar kan ta vg2 studiespes i utlandet. Sjå dette skrivet
for å få meir orientering om ordninga.
Karriererettleiing er ein viktig del av rådgjevingstenesta. Rådgjevarane og faglærarane kan hjelpe til med å finne vegen vidare. Her er ei oversikt
over korleis det går føre seg på studiespesialisering og påbygg på Eid vgs. Her er ei oversikt over korleis skulen gjer det på yrkesfag.