
Operakulisser til La bohème
Under to veker til haustens operapremiere, og elevane på vg2 industriteknologi og industriell møbelprodusjon jobbar med operakulisser.
Elevane har laga bord og stolar og tilpassa ei vindeltrapp slik at den skal passe på scena under haustens operaframsyning La bohème i Operahuset Nordfjord. Premieredato er 3.oktober. La bohème ein italiensk opera i fire akter og handlinga utspelar seg i kunstnarkretser i Paris. Det er berre å gle seg til å sjå kulisser i bruk, høyre flott musikk og sang og berre la seg begeistre.