Eid vidaregåande skule
Cruisebåten AidaPerla til kai i Eid sentrum

Cruisebåten AidaPerla til kai i Eid sentrum

Ombord i AIDAperla

Siste cruisedag for sesongen på Nordfjordeid onsdag 25.9, og økonomielevane ved skulen fekk kome om bord på besøk! Cruiseturismen har for alvor innteke bygda vår, og vi var spent på korleis det er å vere cruiseturist på Nordfjordeid, og vi var også sjølvsagt interesserte i kva denne type turisme har å seie for den økonomiske veksten for bedriftene i Eid og omegn.

Galleri

Bilde2
Bilde3
Bilde4
Bilde5
Bilde6
Bilde9
Bilde11
Bilde10[1]
Bilde8[1]

Ombord fekk vi omvisning saman med guide Angela og deileg lunsj. Vi «cruisa» oss gjennom dagen og avslutta med å få låne Trond Kroken frå Lefdal Invest til å fortelje litt om kva cruise-trafikken har å bety for Eid kommune og næringslivet i Eid. 

AIDAperla er eit ganske nytt cruiceskip, bygd i 2017. Det har 18 dekk og seglar under Italiensk flagg. Skipet er tilpassa for Tyskarar og tyskspråklege familiar som vil på cruice. ca 95% av passasjerane om bord er tysk-språklege og kjem frå Tyskland, Østerike og Sveits. 

Passasjerane om bord har stort sett «all inklusiv» og har m.a. tilgang på treningsbane, treningsrom, fleire boblebad og basseng, spelerom, disco, stor scene for underhaldnig, mange barer og mange ulike resturanter. Turane turistane kjøper kan variere frå 1 veke til 3 veke. 

Med alle desse aktuelle aktivitetane om bord er det utruleg imponerande at så godt som alle om bord går i land når skipet er på Nordfjordeid. Iflg. Trond Kroken var det i overkant av 3 800 passasjerar om bord denne dagen. Han fortalde oss litt meir om korleis dei har jobba for å kunne tilby turistane det beste frå Nordfjord. Vi fekk høyre om tilboda turistane kan velje mellom i år, og vidare korleis Eid og omegn vil utvide type tilbod til neste år. 

AIDAperla startar si segling frå Hamburg, og frå mai til september har skipet Norge og norske fjordar som mål og skipet besøker m.a, Bergen, Flåm, Geiranger, Stavanger og Ålesund.

Takk til Eli Førde Årskog som hjalp oss å få klarering til ombordstigning.

 

Kari-Lise og Renate

Tips ein ven Skriv ut