Eid vidaregåande skule/Om oss/Om skulen
Eid%2Bvidaregåande%2Bskule%2Bmed%2Bsjøutsikt%2B1024x384 (4)

Ein skule med kultur for læring og næring

Eid vidaregåande skule ligg sentralt i Nordfjord i Eid sentrum. Skulen er samlokalisert med Operahuset Nordfjord. Skulen har i dag 387 elevplassar fordelt på 26 grupper innan utdanningsprogram for studiespesialisering, frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, handverk, design og produktutvikling, teknologi og industrifag, elektro og datateknologi, påbygg og kombinasjonsklassar. 

Totalt har skulen 85 tilsette. Eid vidaregåande er ein aktiv regional utviklingsaktør som samhandlar tett med lokalt arbeidsliv og kulturliv. Utdanningsprogramma ved Eid vidaregåande skule utfyller kvarandre og aktiviteten i Operahuset Nordfjord godt. 

Relaterte lenker