Eid vidaregåande skule
Elev 1

Økonomielevar på bedriftsbesøk hjå Eid Elektro

Elevane som har økonomi og leiing som programfag, har vore på bedriftsbesøk hjå Tore Hjelle i Eid Elektro.

Galleri

Nødstyrepanel
SOS
Tavle
Elev 2

Noreg har opna opp og vi kan endeleg leve litt meir som normalt igjen. Vi kan lære på andre måtar enn gjennom skjerm og i klasserom, og vi kan få meir variasjon i undervisinga. Dette nytta elevane som tek økonomi og leiing på studiespesialisering seg av på fyrste fagdag etter gjenopninga. Vi booka oss eit spennande besøk på ei av dei største private bedriftene på Nordfjordeid, og dagleg leiar Tore Hjelle stilte opp tross ein fullbooka timeplan. Elevane fekk varm kakao og fekk plass rundt møtebordet i 2.etasje. Det var sjølvsagt ferdig oppvarma, belyst og ventilert via app til vi skulle kome, framtidas smartfunksjonar fekk vi lære.

Eid Elektro har avdeling både på Nordfjordeid og i Bergen. Hovudprodukta deira er tavleproduksjon (elektrotavler), installasjonar og landbruksautomasjon som mjølkerobotar. Dei jobbar også hardt med å halde seg oppdaterte på utviklinga generelt i samfunnet, som elektrifisering, smartteknologi og velferdsteknologi. Endringskompetanse er også viktig.

Tore gjekk også gjennom konkrete ting som korleis timeprisen til ein elektrikar er bygd opp og kva det vil seie for bedrifta og kunden at dei tilsette har god arbeidsmoral og etikk. Elevane fekk store auge når Tore fortalde kor mykje det kostar bedrifta dersom dei tilsette sjekka sosiale media i arbeidstida! Vi fekk også sjå dei nyaste rekneskapstala for siste periode og korleis han som dagleg leiar les desse tala og brukar dei i arbeidet med å styre bedrifta. Vi fekk også eit innblikk i kor allsidig du må vere som dagleg leiar både når det gjeld økonomisk og kommunikativ kompetanse. Det å kommunisere og kunne bygge gode relasjonar er viktig i dagens arbeidsliv.

Vi avslutta med ei omvising i kontoravdelinga og verkstadane som de ser på bileta under.

Tusen takk til Eid Elektro og Tore Hjelle som tok seg tid til oss i ein travel kvardag, det var eit lærerikt besøk for elevar og lærar!

 

Renate Ness

faglærar