God sommar!

Musikalsk innslag siste skuledag

Siste skuledag er over og sommaren er komen. Vi har i løpet av skuleveka hatt turnering i Idrettshallen og avslutning med vg2 yrkesfag, vg3 yrkesfag, vg3 studiespesialiserande og påbygg. Siste skuledag var det markering i operasalen med litt underhaldning og taler.

Onsdag denne siste skuleveka før sommaren var det fyrst volley- og innebandy turnering i Idrettshallen. Det var kjekt å endeleg ha eit slikt arrangement med tanke på at alt rundt jul vart avlyst. Det var vg3 påbygg som tok sigeren i innebandy, medan vg3 studie B-klassa vann i volleyball. I kampen mot lærarane vart desverre laga litt for svake...

Onsdag ettermiddag var det ei markering for vg2 yrkesfag med god mat og litt taler, og om kvelden var det avslutning for alle på vg3. Kombinasjonsklassa hadde ei eiga avslutning med god mat tidlegare denne veka. Bilete frå desse avslutningane i tillegg til siste skuledag ser du under.

Velkomen til eit nytt skuleår som startar måndag 15.august!