Eid vidaregåande skule har gleda av å presentere årets musikal, «9 to 5: The Musical»! De dreg kanskje kjensel på tittelen? Det gjer de med god grunn! Låta «9 to 5» vart fyrst skrive til filmen med same namn. Filmen vart seinare skrive om til musikal med premiere i 2008. Den verdskjente artisten og låtskrivaren, Dolly Parton, har ikkje berre skrive låta «9 to 5», men alle tekstar og melodiar til songane i musikalen.
Emma Barmen, Rebecca Drabløs og Ragnhild Ulvestad Karlsen har hovudrollene i årets musikal. Emma er med for første gang, medan Rebecca og Ragnhild har vore med tidligare.
Det er ikkje berre musikalelevane som er involverte i denne framvisninga. VG1 Frisør har ansvaret for hår og sminke, medan teknologi og industri har ansvaret for å bygge scene. Den offisielle plakaten til musikalen er det ein elev frå 1FDA som har laga.
Musikalen er blitt sett opp mellom anna på West End og Broadway, og no får de oppleve den i Operahuset Nordfjord, omsett til norsk. De vil få oppleve nydeleg og variert musikk, framført av elevane våre, saman med fire dyktige musikarar. Her dukkar det opp alt frå lett country til store musikalnummer.
Vi har som mål at de i salen skal tørke tårer både av morosame og rørande scener. Kan hende dukkar det plutseleg opp nokre latinske rytmer òg!