big-rona-corona

Nye koronatiltak på skulen frå torsdag 16. desember

I kveld har regjeringa gjort kjent at skulane skal over på raudt nivå frå torsdag 16. desember. Fram til då køyrer skulen på grønt nivå. Meir detaljar kjem i løpet av morgondagen. Nedanfor kan du lese om dei ulike nivåa.

Grønt nivå:

  1. Ingen sjuke skal møte på skulen
  2. God hygiene og normalt reinhald
  3. Kontaktreduserande tiltak:

Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
Avstand mellom tilsette
Vanleg organisering av klasser/grupper og skulekvardag

Raudt nivå:

  1. Ingen sjuke skal møte på skulen
  2. God hygiene og forsterka reinhald

Kontaktreduserande tiltak:

Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
Dele inn elevar i mindre grupper – mål: halvere tal kontakter
Elever bør ha faste plassar i kvart klasserom eller faste samarbeidspartnarar/-grupper
Avstand mellom tilsette (minst ein meter) i alle situasjonar
Tilsette kan veksle mellom klasser 
Avstand mellom elevar/tilsette (minst ein meter) i alle situasjonar
Unngå trengsel og store samlingar
Vurdere alternerande oppmøtetider/alternative lokale
Delvis digital undervisning

Meir detaljar kjem i løpet av morgondagen.

For meir informasjon om smitteførebyggjande tiltak kan du sjå Udir.