
Ta kontakt med Ove Bjørlo om du er interessert i meir informasjon om nettbasert kurs
Nettbasert påbygg-kurs
Ønskjer du å gå påbygg og har fagbrev? Eid vidaregåande skule skal starte opp eit nettbasert påbyggkurs til generell studiekompetanse.
Målgruppa er primært vaksne som er i jobb, men også for dei som har ungdomsrett til Vg4 Påbygg, og som er motivert til nettstudium, eventuelt i kombinasjon med jobb. Det vert eit reint nettbasert studium, med nokre obligatoriske fysiske samlingar.
Studiet tilsvarar eit fullt Vg4 Påbygg-løp, med faga norsk, matematikk, naturfag og historie, som vert avslutta med standpunktkarakterar og eventuelt eksamen.
Planlagd oppstart er 24. august.
Meir info og påmelding: Ove Bjørlo, epost: Ove.Anfinn.Bjorlo@vlfk.no tlf: 415 30 810