Eid vidaregåande skule
Besøk segel øk1

NÆRINGSLIVET I NORDFJORD – BEDRIFTSBESØK TIL SEGEL AS

Skuleveka på Eid vidaregåande er organisert slik at fredagane er sette av til fagdagar der elevane får nytte heile dagen til eit fag, og gjerne gjere andre ting enn vanleg undervising. Elevane som har økonomifag på vg3 studiespesialisering nyttar ofte slike dagar til bedriftsbesøk og aktivitetar som bidreg til nye måtar å lære om faget på. 

Galleri

Besøk segel øk2

Denne fredagen hadde vi avtalt bedriftsbesøk hjå Trond Haavik og Segel AS. Vi fekk vere deltakande på «fredagsmøtet», og treffe fleire av dei andre som jobbar i Segel, blant anna styreleiar Jørn Ilje, Leif Magne Klubbenes og Paul Jakob Helgesen. Desse fortalde om sine roller i Segel, og korleis dei arbeider for at Segel skal vere ei bedrift som jobbar mot «lønnsam bærekraft». I tillegg hadde dei fokus på korleis elevane må lytte til si eiga indre drivkraft, og det dei brenn for, og bygge vidare på dette. Møtet gjekk føre seg via Teams, ei digital plattform for kommunikasjon. Elevane presenterte også seg sjølve og snakka litt om kva interesser dei har innanfor økonomi og vidare planar framover med tanke på studie. Ein meget motiverande start på besøket!

Dagleg leiar Trond Haavik losa oss gjennom ein presentasjon av bedrifta, der vi fekk kjennskap til visjon, forretningside og korleis bedrifta jobbar opp mot sine kundar. Viktige tema elevane fekk meir kjennskap til var marknad, marknadsstrategiar, investering og finansiering, i tillegg fekk vi også høyre litt om korleis ein jobbar opp mot Innovasjon Norge. Haavik fortalde også korleis hans veg frå student til dagleg leiar i Segel har vore.

Det vart mykje ny kunnskap på ein dag, og nyttig for elevane å sjå korleis næringslivet og bedriftene fungerer. Kunnskapen og erfaringa frå besøket tek vi med oss inn i klasserommet som godt supplement i undervisninga. Elevane får gjennom desse besøka nyttige kontaktar, og nettverk som er med på å ruste dei best mogleg til livet vidare.

Vi takkar Segel og Trond Haavik for eit nyttig og lærerikt bedriftsbesøk der elevane og deira framtid vart sett i fokus!

 

Helsing

 

Renate Ness