Eid vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Minoritetsrådgjevar

Minoritetsrådgjevar

Line Sunde Kvalheim er minoritetsrådgjevar tilsett i Integrerings -og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Ho har til dagleg arbeidsplass ved Eid vidaregåande skule, men er tilgjengeleg for elevar, føresette og tilsette ved alle dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

Line skal hjelpe elevar med minoritetsbakgrunn og elevar som synest det kan vere vanskeleg å leve mellom ulike kulturar. Særleg skal ho hjelpe elevar som opplever å bli utsette for ekstrem kontroll, som er redde for å bli etterlatne i utlandet mot vilja si, som fryktar for å bli utsette for tvangsekteskap eller kjønnslemlesting, eller som har opplevd noko av dette tidlegare.

Minoritetrådgjevaren har teieplikt.

Døme på spørsmål elevar kan kome til minoritetsrådgjevaren med:

  • Problem med venner
  • Konflikt med foreldre, søsken eller andre i familien
  • Bekymring for ein venn eller ei veninne i ein vanskeleg situasjon
  • Spørsmål rundt negativ sosial kontroll, forloving og ekteskap
  • Frykt for tvangsekteskap eller kjønnslemlesting
  • Bekymring kring utanlandsreiser
  • Mistrivsel på skulen
  • Integreringsutfordringar

Føresette er velkomne til å ta kontakt om mellom anna:

  • Borna sin skulekvardag
  • Bekymringar for borna
  • Foreldrerolla i Noreg
Tips ein ven Skriv ut

Kontakt


Portrettfoto av minoritetsrådgjevar Line Sunde Kvalheim.

Line Sunde Kvalheim
minoritetsrådgjevar
line.sunde.kvalheim@sfj.no
975 61 738

Relaterte lenker