Eid vidaregåande skule
IMG_2595_1024x768

Markering av Verdsdagen for psykisk helse

Verdsdagen for psykisk helse var 10. oktober. Dette vart markert med ekstra lang skulefrukost for 3.klasse elevane i dag.

Tema for Verdsdagen for psykisk helse i år er å spørje meir - vis merksemd, vis interesse og spør meir! Det er fem viktige grunnar til å markere Verdsdagen for psykisk helse. Er vi meir opne om den psykiske helsa vil det kunne føre til:

* At det vert lettare å dele tankar med andre og å gje ros og å få støtte.

* Mindre tabu og skam kring den psykiske helsa.

* Styrking av den psykiske helsa.

* Eit meir inkulderande nærmiljø, skulemiljø og arbeidsmiljø.

* Eit rausare samfunn.