
Eid vidaregåande skule - i same bygg som Operahuset Nordfjord/Eid kino/Eid Bibliotek
Skulen ligg sentralt i Nordfjord i Eid sentrum. Skulen er samlokalisert med Operahuset Nordfjord. Nybygget med Eid vidaregåande skule, Operahuset Nordfjord, Eid kino og Eid folkebibliotek under samme tak, stod ferdig 25. april 2009.
Utdanningsprogramma ved Eid vidaregåande skule utfyller kvarandre og aktiviteten i Operahuset godt. Skule- og operahuskvardagen gjev høgt læringsutbytte, men også den viktige kjensla av å ver ein del av eit fellesskap som arbeider mot felles mål. Entreprenøriell læring, meistring og trivsel er viktige satsingar for skulen. Alt dette er truleg årsaker til det svært låge fråfallet på Eid vidaregåande skule.
Operahuset Nordfjord inneheld stor kultursal, kino, konsertscene og innspelingsstudio i Gymmen scene og studio (Malakoff), bibliotek og kantine. Alle desse romma vert også brukt til skule. I kultursalen er det fellessamlingar og store arrangement (550 sitteplassar). Kvart år produserer elevar og lærarar kulissar og rekvisittar til hovudproduksjonen til Opera Nordfjord, dei produserer sin eigen musikal, jobbar med Malakoff Rockfestival og har praksis i kulturhuset. Dette er i samsvar med faglege kompetansemål, og innsatsen vert vurder av faglærarar.