Eid vgs og operahuset

Ledige undervisningsstillingar

Har du lyst å jobbe som lærar på ein Eid vidaregåande skule? Vi er er aktiv regional utviklingsaktør som samhandlar tett med lokalt arbeidsliv og kulturliv. Vi har ledige lærarstillingar for skuleåret 2018-19. 

Frå 1. august 2018 har skulen eit årsvikariat i kroppsøving og eit årsvikariat i norsk, fast stilling som faglærar i data og elektronikk/IKT og fast stilling som faglærar i elektrofag.

Eid vidaregåande skule ligg sentralt i Nordfjord, i Eid sentrum. Skulen er samlokalisert med Operahuset Nordfjord. Skulen har 360 elevplassar fordelt på utdanningsprogram for studiespesialisering, påbygging til generell studiekompetanse, design og handverk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon. I tillegg har skulen grunnskuleklassar for minoritetsspråklege ungdom. Skulen har ca. 80 tilsette. 

Undervisningsstillingar - kroppsøving og norsk​, årsvikariat - Direkte til søknadsskjema

Undervisningsstilling som faglærar i data og elektronikk/IKT, fast stilling - Direkte til søknadsskjema

Undervisningsstilling som faglærar i elektrofag, fast stilling- Direkte til sønadsskjema

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk sjå direktelenke til søknadskjema ovanfor

Søknadsfrist 04.04.18.

 

Kopi av vitnemål og attestar vert å leggje fram ved eventuelt intervju. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av nyare dato.

Nærare opplysningar får du ved å kontakte avdelingsleiar Ottar Bjørkedal, tlf. 415 30 953, eller rektor Ove Bjørlo, tlf. 415 30 810