Eid vidaregåande skule
Eid vgs og operahuset

Ledig undervisningsstilling

Skulen har frå 01.01.2020 ledig undervisningsstillingar innan elektrofag og faga norsk, matematikk, kroppsøving og spansk

Stilling 1: Norsk, matematikk, kroppsøving og spansk – inntil 250 % midlertidig stilling
http://rubrikk.sfj.no/vis/stillingledig/3537940

Vi søkjer etter personar som kan undervise i eit eller fleire av faga over. Det er også ønskjeleg med undervisningskompetanse i andre fag som skulen tilbyr ved eventuelle interne rokeringar. Det er eit krav om minst 60 studiepoeng i undervisningsfaget i tillegg til godkjent pedagogisk utdanning. Midlertidige stillingar gjeld til og med 31.07.2020. Det kan også bli aktuelt med fast tilsetjing for delar av stillinga.

 

Stilling 2: Elektrofag - inntil 100% fast stilling ledig frå og med 1. januar 2020
http://rubrikk.sfj.no/vis/stillingledig/3537939

Vi søkjer etter ein person som kan undervise i eit eller fleire av programområda som skulen tilbyr; elenergi, automasjon og data- og elektronikkfag.

 

Søknadsfrist 24.november 2019

 

Kopi av vitnemål og attestar vert å leggje fram ved eventuelt intervju. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av nyare dato.

 

Tips ein ven Skriv ut