
Elevar og lærar i svartkvitt
Ledig stilling ved Eid vidaregåande skule
Frå 26.september er det ledige undervisningsstilling, vikariat i kroppsøving, norsk og engelsk. Søknadsfrist: 13.10.2017
Undervisningsstilling - vikariat
Inntil 100 % vikariat til 31.12.2017 m/undervisning i kroppsøving, norsk, engelsk evt spesped.
Kompetansekrav: godkjent pedagogisk og fagleg utdanning.
Den som blir tilsett må vere utviklingsorientert og skape gode relasjonar til elevane. Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevner og vilje til å utvikle fag i team og nettverk.
Kopi av vitnemål og attestar vert å leggje fram ved eventuelt intervju. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av nyare dato.
For meir informasjon: www.eid.vgs.no v/utviklingsleiar Torild Natvik, tlf 920 19 855 Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk.
Søknadsfrist: 13. oktober 2017
Direkte til søknadskjema: http://rubrikk.sfj.no/vis/stillingledig/3406127