Eid vidaregåande skule
Klasse 1sta viser tommel opp for DenNyeOljen-besøk

Klimaworkshop #DenNyeOljen

Fredag 3.mai fekk 1STA, 1STB og 3. klasse Sosialkunnskap, besøk av #DenNyeOljen, som er eit prosjekt starta av Norsk olje og gass i 2016.

Føremålet er å finne ut kva unge tenkjer om mellom anna klima, teknologi, velferd, olje og gass.

 

Dei har besøkt over 40 høgskular og universitet, og er no på rundtur i fylket for å besøke fleire vidaregåande skular. Elevane fekk ein introduksjon frå det naturfaglege perspektivet, på kva olje og gass er, og kva vi nyttar det til. Dei fekk også prøve å setje opp eit eige statsbudsjett for Norge, og satse på det dei meiner er riktig for landet. Til slutt ein diskusjon og debatt om kva som må til for at vi kan nå dei klimamåla som er sett innan 2030. Ein veldig inspirerande og kjekk Workshop, med Mariann Forsberg (master i geologi), Marius Andersen (bachelor i samfunnsøkonomi, master i Environmental Economics), og Hermann Romnes, (bachelor i elektro/automasjon og master i undervannsteknologi).

Bildet: 1STA og #DenNyeOljen

Tips ein ven Skriv ut