Klage på vurdering
Elevar kan klage på alle karakterar som skal førast på vitnemålet, det vil seie standpunktkarakterar, orden- og åtferdskarakterar og eksamenskarakterar.

- Skriftleg eksamen (sentral- og lokalgitt)
- Munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen / standpunktvurdering / vedtak om ikkje gitt standpunktvurdering
- Privatisteksamen
Klagefrist
Det er ti dagar klagefrist på standpunktkarakter og eksamenskarakterar. Fristen vert rekna frå det tidspunktet du er blitt kjend med eller burde gjort deg kjend med karakteren.
Ny eksamen
Viss karakteren blir uendra og du ikkje er nøgd med den, kan du ta melde deg opp i faget som privatist. Dette gjer du på PrivatistWeb.
Regelverk
Detaljar i regelverket om klage på vurdering finn du i forskrifta til opplæringslova: Kap. 5 Klage på vurdering
Skriftleg eksamen (sentral- og lokalgitt)
Kva kan du klage på?
På skriftleg eksamen kan du klage på både faglege og formelle feil. Ved klage på skriftleg eksamen, treng du ikkje grunngi klagen.
Før du klagar
Viss du vurderer å klage, kan du først be faglærar om å vurdere karaktersettinga.
Korleis klagar du?
Ved klage på skriftleg eksamen nyttar du skjema for klage på vurdering. Klagen skal sendast på e-post eller per post til skulen v/rektor.
Det finst ei hurtigklageordning for avgangselevar. Ordninga gjer at avgjerda kjem tidleg nok til at vitnemålet rekk å bli retta opp med eventuelt ny karakter før universitet og høgskular hentar opp vitnemålet elektronisk. Detaljert informasjon om hurtigklagefrist får du ved å ta kontakt med kontoret på eige skule.
Kven handsamar klagen?
Klageinstansen for vurdering av skriftleg sentralt gitt eksamen med sentral sensur i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd som vert oppnemnd av Fylkesmannen.
Klageinstansen for vurdering av skriftleg lokalt gitt eksamen i vidaregåande opplæring er ei klagenemnd som vert oppnemnd av fylkeskommunen etter retningslinjer frå Fylkesmannen.
Klageresultat
Klagenemnda skal avgjere om karakteren ved ordinær sensur er urimeleg. Dersom nemnda meiner det, vil dei setje ny karakter som er betre eller dårlegare. Nemnda vil gi ei skriftleg grunngiving for klageresultatet.
Standpunktvurdering / vedtak om ikkje gitt standpunktvurdering / munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen
Kva kan du klage på?
Alle ikkje-skriftlege eksamenar for elevar er er avlyst våren 2020. Klage på denne typen eksamen er difor ikkje aktuelt.
For meir informasjon om klage på standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd, gå vidare til nettsida vestlandfylke.no/standpunkt
Privatist
For klage på privatisteksamen, gå vidare til nettsida vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/privatist/klage-pa-eksamen/