Ein elev sit på golvet og latar som han er skadd mens redningspersonell undersøkjer

Foto: Anita M. Ingebrigtsen

Katastrofeøving på Eid vgs

Torsdag 19.10 hadde redningsetatane og sivilforsvaret katastrofeøving på TIP-verkstaden. Fleire elevar var "skadd" i gasseksplosjon og var sminka og instruert om skadene sine.

Ambulanse, brannvesen, politi, sivilforsvaret og Røde kors hadde ei stri tørn med å få oversikt over alle skadde i røyken på verkstaden, men dei fekk evakuert alle og behandla dei som trengte det. Elevane spelte godt og bidro til at redingsetatane hadde ei god øving.