Eid vidaregåande skule
Info fra lånekassa

Info fra lånekassa

Info frå Lånekassen for neste skuleår

Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrifta om utdanningsstøtte for studieåret 2020-2021. 

For elevar med ungdomsrett er desse endringane spesielt relevante: 
- Det kjem eit nytt tilleggslån for dei over 18 år som har barn.
 
For elevar utan ungdomsrett er desse endringane spesielt relevante: 
- Kravet om at ein må studere minst 50 prosent av ei fulltidsutdanning blir fjerna. Frå neste studieår kan elevar få lån og stipend uansett kor få årstimar dei tek. 
- Deltidselevane får lån og stipend ut frå nøyaktig kor mange årstimar dei planlegg å ta. Fram til no har det vore ei trinnvis ordning med tildeling av lån og stipend til deltidsutdanning. 
- Det kjem nye tilleggslån for dei som er over 30 år og for dei som har barn. 
- Aldersgrensa for kor lenge ein kan få fullt lån blir heva. Det gjer også aldersgrensa for når lånet skal tilbakebetalast. 
 
I tillegg til endra reglar så er nokre av omgrepa i forskrifta endra. For elevar med ungdomsrett er desse omgrepsendringane spesielt relevante: 
- Grunnstipend skiftar namn til inntektsavhengig stipend.
- Forsørgarstipend skiftar namn til barnestipend.
- Bustipend skiftar namn til bortebuarstipend.
 
 
For elevar utan ungdomsrett er desse omgrepa spesielt relevante:
- Basisstøtte skiftar namn til basislån.
- Forsørgarstipend skiftar namn til barnestipend.
 
Når kan elevar søke om lån og stipend? 
Søknaden opnar i begynninga av juni for elevar med ungdomsrett.
 
Søknaden opnar i løpet av juni for elevar utan ungdomsrett.
 
Elevane kan søke når dei har fått skoleplass.