Eid vidaregåande skule

Eid vidaregåande skule

Hospitering for 9. klasse

Måndag 2. og tysdag 3. mars er det hospitering ved Eid vidaregåande skule for 9.-klassingar.

Hospiteringsdagane startar med felles informasjon i Operasalen kl 10:00 på måndag. Dei som møter opp før 10:00 blir mottekne av elevmentorane ved skulen. Det blir då lagt til rette for litt spel og sosialt samvær i kantina.

Etter felles oppstart går ein til det utdanningsprogrammet ein har valt seg, og blir der til kl 14.15. Under kan de sjå detaljprogram for kvart enkelt utdanningsprogram. Tysdag klokka 10:00 startar ein direkte i utdanningsprogrammet, og er der heile dagen. Elevane får i løpet av dei to dagane også ei omvisning rundt på heile skulen.

Begge dagane får elevane gratis lunsj på skulen, men det er også høve til å kjøpe seg mat i kantina om dei ønskjer det. Lærarane som er med elevane blir inviterte på ei fellessamling med lunsj samtidig som elevane har lunsj.

Bussane stoppar rett utanfor skulen. Programmet er begge dagane tilpassa slik at ein rekk bussen heim klokka kl 14:30. 

Hjarteleg velkomne!

Detaljprogram for dei ulike dagane finn de her:

Studiespesialiserande
Elektro
Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
Handverk, design og produktutvikling
Teknikk og industriell produksjon