Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane ved skulen. Helsesjukepleiar har kontor i "hesteskoen" i første etasje. Her finn du også informasjonen, rådgjevar og miljøkoordinator. Her vil også psykisk helsearbeider Anett Oen være kvar tysdag.

Skulehelsetenesta ønskjer å vere med på tilbod som kan fremme god helse og trivsel for elevane. Det kan vere gjennom individuell kontakt, i grupper, i klassesamanheng eller ved anna felles opplegg ved skulen. Helsesøster formidlar kontakt til skulelegen. Helsesøster eg også behjelpelig med å formidle kontakt med psykolog, psykiatriteneste, barne og ungdomspsykiatrien (BUP) eller Nordfjord psykiatrisenter og evt til andre. Helsesøster og skulelege har teieplikt. 

Skulehelsetenesta skal bidra til å førebygge sjukdom og skade, fremme god psykisk og fysisk helse og fremme gode sosiale og miljømessige forhold hos elevane. 

Det kan vere gjennom individuell kontakt, i grupper, i klassesamanheng eller ved anna felles opplegg ved skulen. 

Elevar og personar kring eleven vert oppmoda om å ta kontakt dersom eleven treng oppfølging frå helsesjukepleiar. Helsesjukepleiar kan vise veg vidare ved behov eks. kontakt med skulelegen og psykisk helsearbeider. Kan også være behjelpelig med å formidle kontakt med psykolog, psykiatritenesta, barne og ungdomspsykiatrien (BUP) eller Nordfjord psykiatrisenter og evt til andre. 

Helsesjukepleiar, psykisk helsearbeider og skulelege har teieplikt.

Ønskjer du og bestille time?

Ta kontakt med helsesjukepleiar på mobil. 
Du kan også bestille time via miljøkoordinator, rådgjevar, kontaktlærar eller møte opp på kontoret når ho er der.

HFU (Helsestasjon for ungdom) 

Dette tilbodet er eit supplement til skulehelsetenesta. 

  • Her kan ungdom i alderen 13 til 20 år kome for å få hjelp med små og store spørsmål om helse og trivsel.
  • HFU er eit gratis «drop in» tilbod 
  • Kan få timeavtale dersom du tar kontakt
  • Fagpersonar: Skulelege, helsesjukepleiar og psykisk helsearbeider.

På HFU kan du blant annet samtale om/få rettleiing i:

Seksuell helse og prevensjon. Førebygging av kjønnslemlesting og tvangsekteskap. Rus og røykeslutt. Ungdom og psykiske helse som for eksempel angst og depresjon. Vanskelige familieforhold. Vold. Trivsel/ mistrivsel, mobbing. Sorg og krise. Søvn. Ernæring, matvanar, kropp, vekt og spisefortyrrelsar. Fysisk aktivitet. Utvikling og pubertet. Prevensjon: Informasjon om og resept på ulike prevensjonsmidlar

Vi utfører:

  • Graviditetstest og SOI (eks klamydia) test.

Vi deler ut gratis kondomar, brosjyrer, informasjon.

Velkomen til HFU (helsestasjon for ungdom)

 

Relevante Linker:

https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/meningokokkvaksine-til-ungdom/
https://www.ung.no/
http://unghjelp.no/
https://www.sexogsamfunn.no/

Kontakt

Anne-Lise Karlsen
Helsesjukepleiar 
482 71 521

Brit Itland
Helsejukepleiar
415 61 238

Kontortid:
Tysdag  08:30 – 15:00
Onsdag 08:30 – 15:00
Torsdag 10:30 – 15:00

HFU (Helsestasjon for ungdom)
Rådhusvegen 11
Helsestasjonen i Rådhuset.
-Inn «glassoverbygget» på framsida av bygget
-Gå til venstre, da kjem du til resepsjonen.
-Under trappa. Der er ei dør som står helsestasjon/HFU.

Torsdager 14:30 – 16:30  

482 71 521 eller 950 09 037