Eid vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Helsetenesta

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane ved skulen. Helsesjukepleiar har kontor i "hesteskoen" i første etasje. Her finn du også informasjonen, rådgjevar og miljøkoodinator. Her vil også psykriatisk sjukepleiar Anett Oen vere kvar tysdag.

Skulehelsetenesta ønskjer å vere med på tilbod som kan fremme god helse og trivsel for elevane. Det kan vere gjennom individuell kontakt, i grupper, i klassesamanheng eller ved anna felles opplegg ved skulen. Helsesøster formidlar kontakt til skulelegen. Helsesøster eg også behjelpelig med å formidle kontakt med psykolog, psykiatriteneste, barne og ungdomspsykiatrien (BUP) eller Nordfjord psykiatrisenter og evt til andre. Helsesøster og skulelege har teieplikt. 

Ønskjer du og bestille time?

Kan du kontakte Helsesjukepleiar eller henvende deg informasjonen på Eid vidaregåande skule. Du kan også bestille time via miljøkoordinator, rådgjevar eller kontaktlærar eller møte opp når ho er der.

Helsestasjonen på Facebook

​Føl med på facebooksida for oppdatert informasjon. Dei heiter Eid helsestasjon for ungdom.

Helsestasjon for ungdom

Den finn du på helsestasjonen i Rådhuset. Rådhuset ligg i sentrum ved Cirkle K-stasjonen. Dei har opningstid torsdag frå kl. 14.30-16.30.

Ingen krav til timebestilling eller betaling.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Helsesjukepleiar Eid vgs
Anne-Lise Karlsen
415 61 238
anne-lise.karlsen@sfj.no

Tysdag 0830 - 1400 
Onsdag 0830 -1400
 

Helsestasjon for ungdom
Torsdag: 1430-1700

Relaterte lenker