
Handverk, design og produktutvikling (HDP)
-
Likar å teikne og arbeide med hendene.
-
Er nysgjerrig på handverksfag.
-
Ønsker å skape noko i ulike material.
-
Vil lære gjennom praktisk arbeid
Noko av det du lærer på HDP
- Utvikle eit produkt frå idè til ferdig resultat ved hjelp av ulike metodar og prosessar.
- Grunnleggande handverksferdigheiter i mellom anna tekstil, trearbeid, metallarbeid og leire.
- Tilgong og opplæring i profesjonelle digitale verkty som Adobe- og Autodeskpakken.
- Lærer å bruke manuelle og datastyrte maskiner i godt ustyrte verkstadar. Til dømes maskiner til trearbeid og folie- og laserkuttar.
- Tid til å fordjupe seg i sjølvvalt handverksfag.
- Samarbeide med andre i kreative prosessar.
Kva kan du bli?
HDP er eit yrkesfag, og er grunnlaget for mange spennande handverksyrker. Nokre av desse er innan saum og tekstil, trearbeid, keramikk, gull- og sølvsmed, båtbyggar, glashandverk og ur- og instrumentmakar. Oversikt over moglege yrke etter HDP finn du på på vilbli.no
- I nokre av desse yrka kan du gå rett ut i lære etter vg1. Dette blir kalla 1 + 3 modellen.
- I andre yrke går du vidare på vg2.
- Etter fagbrev eller vg2 kan du velje å ta eit år påbygg for å få generell studiekompetanse.
Sjå fleire bilder av våre prosjekt på Instagram: @hdp_eid_vgs
Brosjyre for kreative fag ved Eid vgs.
Eid vidaregåande skule
Som elev ved Eid vidaregåande skule får du vere med å jobbe tett opp mot aktivitetar/arrangement i Operahuset, spesielt den årlege skulemusikalen som elevane produserer. Du får samarbeide med elevar frå andre klassar og faglærarar med ulik kompetanse. Gjennom samarbeid med Opera Nordfjord får ein moglegheit til å ta del i arbeidet med ei operaoppsetting og arbeide saman med profesjonelle fagfolk innan kulturfeltet.
Felles tilbod for elevar ved Eid vgs
- Kvar veke er det open skule med aktivitetar og gratis middag
- Valfaga musikal og breiddeidrett
- Tilgong til treningsrom
- Stor flott kantine
- Kantina tek omsyn til allergiar m.m.