Frukost til elevane på Eid vgs

Frukost: Elevane ved Eid vidaregåande skule gjev kvarandre god tid rundt frukostbordet for å markere verdsdagen for psykisk helse.

God tid med felles frukost

Elevtenesta ved Eid vidaregåande skule har arrangert ein av tre frukostar for elevane ved skulen. Den første frukosten vart også ei markering av  Verdsdagen for psykisk helse. Elevane fekk ete seg gode og mette, og fekk kort informasjon om årets tema gje tid. Elevane var aktive og skreiv ned sine tankar om kva det er å gje tid. 

Elevtenesta ved Eid vidaregåande skule er initiativtakar til frukosten for alle vg1 elevane ved skulen inkl GMU( Grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom). Elevtenesta vil også arrangerer frukostar for vg2 og vg3 elevane.

Den første frukosten vart avslutta med føredrag for heile Eid vidaregåande skule, GMU og 9. og 10. trinn ved Eid ungdomsskule. Innleigd føredragshaldar var den drivne Simen Almås. Han har vore gjennom store påkjenningar i livet og fortel om desse i føredraget sitt. Ein tankevekkjar for dei som høyrde på var kor viktig det er å ta vare på dei små augeblikka ein ofte tek for gitt, og at trass motgang og påkjenningar så kan ein likevel å klare å skape seg eit godt liv. 

 
Elevtenesta er ei tverrfagleg samansett gruppe med rådgjevarar, miljøkoordinator, psykisk helsearbeidar, oppfølgingstenesta, helsesjukepleiar og minoritetsrådgjevar. Dei har eit særskilt fokus på det psykososiale miljøet ved skulen, og set i gang tiltak for elevar som treng det.

Elevtenesta og gode hjelparar skuleåret 19/20Elevtenesta: Arrangøren for frukostane er Elevtenesta ved Eid vidaregåande skule saman med gode hjelparar. 

Elevtenesta dette skuleåret

Tips ein ven Skriv ut