
Multifix UB fikk to premiar på Fylkesmesse for ungdomsbedrifter, 2 plass for beste utstilling og 2 plass for beste produkt. GRATULERER!
Fylkesmesse for UB
Multifix UB, Trashporter UB og Creative UB representerte Eid vgs i Førdehuset i går. Fantastisk godt gjennomført av alle bedriftene og gratulerer til Multifix UB som fekk to flotte premiar!
Eid vgs var representert med tre ungdomsbedrifter i Førdehuset under den årlege konkurransen for ungdomsbedrifter i regi av Ungt Entreprenørskap.
Multifix UB - elevar frå teknikk og industriell produksjon vg1, har utvikla og produsert jordbærkorghaldar og fått bestilling frå jordbærbønder i Gloppen. Bedrifta fekk 2 premie for beste produkt og beste utstilling. GRATULERER!
Trashporter UB - elevar frå teknikk og industriell produksjon vg1, har utvikla eit hengerfeste til bilen som kan brukast til å transportere søbbeldukar. Kundane er dei som har lang transportetappe til oppsamlingsplassen når dunkane skal tømmast. Også dei har kjøparar til produktet sitt.
Creative UB - elevar frå interiør og utstillingsdesign, tilbyr tenester innan profilering og utstilling og har hatt mange oppdrag dette skuleåret. Nokre av prosjekta er: operautstillingar - under operavekene laga dei utstillingar i butikkvindauge i Eid sentrum, dei har laga logo og profilering av Eid Asia-butikk og laga eigenproduserte produkt som egghaldarar, koppeunderlag, lys og syputer. Alle barnehagane i Eid har har fått levert plakatar og Nordfjord folkemuseum skal få levert ei flott utstilling som opnar 22.mars kl 18.