Her ser vi Sigurd, Kent, Vidar og Vetle frå 2ITA  ved Eid vgs på besøk ved Brødrene Aa i Hyen, framfor ein ny båt som er klar for levering i desse dagar.

Her ser vi Sigurd, Kent, Vidar og Vetle frå 2ITA ved Eid vgs på besøk ved Brødrene Aa i Hyen, framfor ein ny båt som er klar for levering i desse dagar.

Framtidige superlærlingar på bedriftsbesøk hjå Brødrene Aa i Hyen!

Førre veke tok Nordfjord Opplæringskontor med 4 elevar frå Vg2 Industriteknologi ved Eid vidaregåande skule på eit spennande bedriftsbesøk til Brødrene Aa. Elevane har søkt læreplass der, og er aktuelle framtidige Superlærlingar for denne store lærebedrifta.

Galleri

Bilde 2
Her får elevane orientering på verkstaden frå dei to Superlærlingane Samuel og Magnus som jobbar i Hyen.

Dei siste åra har Brødrene Aa jobba særs godt og målretta med å skaffe seg viktig og relevant arbeidskraft gjennom auka fokus på å vere ei god lærebedrift for ungdomen innan fleire lærefag. Noko av resultatet frå dette arbeidet syner seg tydeleg når dei no lyser ut heile 8 læreplassar innan fagområda polymerkompositt, industrirørleggar og industrimekanikar til hausten fordelt på avdelingane i Hyen og i Eikefjord.

Det er særs gode framtidsmoglegheiter for ungdomen i Nordfjord til å få seg spennande og gode læreplassar og fagutdanning for tida. Og kanskje spesielt for dei som vel å gå Vg1 Tip og Vg 2 Industriteknologi, der vi berre gjennom Nordfjord opplæringskontor sine 15 industribedrifter har nærare 40 ledige læreplassar til hausten.

Tusen takk til Brødrene Aa for ei lærerik og nyttig omvisning av båtproduksjonen.

Leiv Johnny Endal

Nordfjord Opplæringskontor