FoU-startpakke

Skal du i gong med å utvikla eit nytt produkt, ei ny teneste eller ein ny produksjons-prosess for å utvikla verksemda di? Då kan du søkja om FoU-startpakke på 140 000 kroner for å få hjelp til å koma i gong med slikt utviklingsarbeid og læra meir om forsking og utvikling (FoU).

VRI4 FoU-startpakken er ei støtteordning for etablerte bedrifter og nettverk som ikkje har røynsle med forsking og utvikling frå tidlegare. Verksemder som allereie har kome i gong med utviklinga av nye løysingar og som ynskjer støtte for å vidareutvikle desse, skal ikkje søkja om FoU-startpakken.

FoU-startpakken høver godt for verksemder som slit med måloppnåing, verksemder som må omstilla seg til nye produkt og produksjonsprosessar, verksemder som må tilpassa seg til samfunnsutviklinga, nye marknadar og krav til klima, miljø og andre berekraftsutfordringar, og som treng hjelp til å finne fram til hovudproblema og til å utvikla løysingar.

VRI4 sitt mål er at FoU-startpakken skal få fram eit grunnlag for utvikling av nye og innovative produkt, tenester eller prosessar for verksemdene og at FoU skal bli ein viktig del av utviklingsarbeidet vidare. Det er vidare eit mål at den nye FoU-erfaringa skal føra til bruk av meir FoU seinare.

FoU-startpakken inkluderer metodar, verkty og økonomisk startstøtte på 140 000 kr til kjøp av prosessleiar, analysar, møteverksemd og mindre studieturar.

Støtta vert gitt som bagatellmessig støtte, utan krav til eigendel, men det er forventa at verksemdene deltek aktivt i heile prosessen med eigne timar og kostnadar.

Kontakt VRI4 Sogn og Fjordane

Arne Monrad Johnsen
VRI4 prosjektleiar (PL)
Askedalen 2, 6863 Leikanger
arne.monrad.johnsen@sfj.no
415 30 978

Laupande søknadsfrist

  • Inntil kr 140.000 i rammeløyving til kvart prosjekt, trinn A til D
  • Tilskotet skal dekka eksterne kostnadar til prosessleiing, analysearbeid, møte, fagturar, etc.
  • Bagatellmessig støtte, ingen obligatorisk eigendel
  • Søknader skal produserast i regionalforvaltning.no
  • Alle søknader skal førehandsgodkjennast av VRI4 før innsending. Send pdf-kopi til PL.

Kvifor FoU-startpakken?

  • For å sikra at verksemdene finn fram til dei beste løysingane for dei største problema.
  • For å sikra at grunnlaget er på plass for FoU-søknader av høg kvalitet.
  • Det finst ingen andre verkemiddel som dekkar alle desse trinna, som me kjenner.
  • Aktivitetane i FoU-startpakken bør vera fast årleg rutine i alle produksjonar. Opplæring.

Kven kan søkje?

  • Etablerte bedrifter som søkjer løysingar på problem og utfordringar for å nå sine mål.
  • Bedrifter som søkjer på vegne av etablerte nettverk.
  • Bedrifter som har inga eller lita erfaring med FoU.
  • Når behov eller ynskje om oppstart av nye utviklingsprosessar.
  • Verksemder som tilhøyrer fylgjande prioriterte bransjar, næringar og/eller verdikjeder, eller som er teknologileverandørar til desse:
     
    1. Energi
    2. Landbruk
    3. Sjømat
    4. Reiseliv
    5. IKT
    6. Teknologiutvikling

FoU-startpakken gjennomføring

VRI4 har utvikla ein modell for utviklingsprosess i 12 trinn (figuren), der dei fyrste fire trinna utgjer FoU-startpakken. Dei siste 8 trinna er FoU, representert ved TRL-skalaen (NASA 1980-talet), om lag slik som Horizon 2020 og EU nyttar denne i sine utlysingar.

 


VRI4 - Trinnvis utviklingsprosess

 

Trinna i FoU-startpakken:

  1. Driftsanalyse av aktuell produksjon / verdikjede med omsyn på status, mål, trendar og ambisjonar. GAP-analyse viktig verkty.
  2. Problemanalyse. Aktivetar for å finne problem og utfordringar knytt til produkt, produksjon, verdikjeda, etc som bør løysast for å nå mål. Tønnestavanalyse viktig verkty.
  3. Idédugnad. For å få fram moglege forslag på løysingar på problema. Det kan t.d. vera forslag om nye eller sterkt forbetra produkt, tenester eller produksjonsmåtar.
  4. Konseptutvikling. Konkretisering av idé og gjennomføring av moglegheitsanalysar. Finne svar på alle spørsmål. Identifisere eventuelle FoU-behov.
  5. + eventuell organisering av FoU-prosjekt

Det er utvikla eit eige skjema for FoU-startpakken, eit fylgjeskjema, som ein brukar i heile prosessen. Det er viktig at prosessleiarane set seg godt inn i metodar og verkty i dette skjema før oppstart.

Kva kan støttast?

FoU-startpakken skal dekke eksterne kostnader knytt til dei fire fyrste trinna i utviklingsprosessen. Dei fire trinna er:

A: Produksjonsanalyse

B: Problemanalyse

C: Idéar-forslag på løysingar

D: Konseptutvikling, moglegheitsanalysar og FoU-behov

Midlane skal primært dekka kjøp av prosessleiar og analysearbeid og dekka kostnader til nettverksbygging, møte og reising etc i prosjektet. Ein del av tilskotet kan også nyttast til fagturar for å søkja kompetanse og idéar i eksterne miljø.

Retningslinjer

I utgangspunktet skal kvart trinn kunne få kr 35.000 i støtte. Unytta midlar i eitt trinn kan overførast til seinare trinn. Unytta midlar av ramma på kr 140.000 kan nyttast organisering av FoU-prosjektsøknadar, om det er aktuelt.

Prosessleiaren kan utføre alt arbeid sjølv, eller nytte andre personar til analysane. Søkjar bestemmer sjølv kven som skal vera prosessleiar, så lenge vedkommande er løna av ei ekstern verksemd. FoU-kompetanse kan vera ein fordel.

Ein skal nytta ekstern kompetanse til å leia prosessen og gjennomføra analysane. Utbetaling av tilskotet skjer på grunnlag av faktura frå prosessleiar til søkjar.

Søknader som vert støtta, vil få tildelt ein kompetansemeklar, som kan yte hjelp gjennom heile innovasjonsprosessen, og bidra med mekling av både kompetanse og verkemiddel.

Vilkår

  • Søkjar fyller ut skjema i regionalforvaltning, og sender kopi som pdf-fil til VRI4-prosjektleiar for kommentarar. Før endeleg innsending, skal VRI4 godkjenne søknaden.
  • Prosjekta kan få inntil 100% støtte, som bagatellmessig støtte. Eigenerklering skal fyllast ut.
  • Fullføring av dei 4 trinna (A,B,C,D) skal skje innan seks månader etter oppstart, eller etter avtale. 
  • Det er utvikla eit obligatorisk fylgjeskjema for rapportering. Dette er eit skjema med malar og verkty, som sikrar kvalitet i alle trinn. Dette skal nyttast.
  • Prosessleiaren vil få opplæring i dei metodar og verkty det er lagt opp til å bruka. Slik opplæring er obligatorisk.
  • Søknadane vil bli vurderte etter sju kriterium av arbeidsgruppa i VRI4.
  • Forskingsrådet har løyvingsmynde, og godkjenner / avslår søknaden.
  • Fylkeskommunen skriv tilsegnsbrev med utfyllande og supplerande vilkår.
  • Søkjar skal rapportera til fylkeskommunen ved VRI4, som har oppfølgingsansvar.

Vurderingskriterium for FoU-startpakken

  • 1. VERDISKAPINGSPOTENSIAL:               
    Det bør gå fram av søknaden at produksjonen/ verksemda/nettverket har vekst- og utviklingspotensiale som kan forsvara kostnader til eit FoU-prosjekt.
  • 2. INNOVASJONSPOTENSIAL:  
    Det bør gå fram av søknaden at det finst gode moglegheiter for å utvikla innovative løysingar, i form av nye produkt eller prosessar.
  • 3. FOU-POTENSIAL:      
    Det bør gå fram av søknaden at søkjar har stor interesse av å nytte FoU i utviklingsarbeidet, og at anten prosessleiar eller andre prosjektdeltakarar har kompetanse til å utvikle nyskapande konsept med FoU-behov.
  • 4. LANGSIKTIGHEIT:      
    Det bør gå fram av søknaden at utviklingsprosessen vil bli knytt til ein eksisterande, langsiktig produksjon eller ei eventuell omstilling, og at det er ei forståing av at utviklingsarbeidet kan ta mange år før ei løysing er klar til bruk.
  • 5. REGIONAL VERDISKAPING:  
    Det bør sannsynleggjerast i søknaden at utviklingsarbeidet kan føra til fleire arbeidsplassar i fylket, eller ha andre former for samfunnsnytte.
  • 6. BEREKRAFT:           
    Det bør gå fram av søknaden at det er eit mål for løysingane som vert utvikla, at dei skal bidra positivt på eitt eller fleire av FN sine berekraftmål.
  • 7. GJENNOMFØRINGSEVNE:    
    Det bør gå fram av søknaden at prosjektarbeidarane har den naudsynte kompetanse til å gjennomføra FoU-startpakken.

Del dette:

Kontakt

Arne Monrad Johnsen
arne.monrad.johnsen@sfj.no
415 30 978

Relaterte lenker