IMG_8707

FN-rollespel

Tradisjon tru er det også i år FN rollespel for 3STA, 3STB og 3PÅA.

Elevane sitter i landgrupper for å simulere FNs tryggingsråd. Spelet begynner med at kvar landdelegasjon held eit opningsinnlegg om sitt lands synspunkt vedrørande konflikta. Deretter er det debatt og kommentarar til kvarandre sine innlegg, for å prøve å overbevise dei andre om sitt lands synspunkter.

I år må elevane diskutere følgande tema;

  1. Konflikten mellom Iran og USA
  2. Atomnedrustning
  3. Midtøsten som atomvåpenfri sone

I andre halvdel av dagen må delegatane prøve å komme fram til eit eller fleire resolusjonsforslag, som ein så skal stemme over til slutt. Målet er å komme til einigheit om korleis FN og verdens land kan løyse konflikta på best mogleg måte. Rollespelet styres av en president frå FN-sambandet. Det heile vert filma og streama direkte på YouTube.

Samtidig har Vg1 studiespesialiserande i oppgåva å lage ein podcast rundt diskusjonane som foregår på scena.

I tillegg har Vg2 besøk av den kulturelle skulesekken og visning av filmen «Kunsten i Kvam», og Vg1 yrkesfag har besøk av skulehelsesøster med fokus på psyksisk helse.