Eid vidaregåande skule
FLL 2019

First Lego League 2019

Vert arrangert i Operahuset Nordfjord 9. november frå kl 10 til kl 15. Gratis inngang og open kiosk. Flott familiearrangement

First Lego League er ein kunnskap- og teknologikonkurranse som strekk seg over ein arbeidsperiode på 8 veker. Den har som mål å inspirere ungdommar i ungdomsskulen som er i alderen 10 - 16 år til å bli morgondagens fagarbeidarar, ingeniørar, forskarar og problemløysarar. I løpet av arbeidsperioden vil deltakarane oppleve forsking og skaparglede, sette eigne idear ut i livet, og lære seg å bli meir glad i realfag.

Eid vidaregåande skule har i mange år arrangert First Lego League i Sogn og fjordane og vi har eit tett samspel med næringslivet i Nordfjord som stiller som dommararar. Tilbakemeldingane frå dei ulike ungdomsskulane viser at First Lego League er eit høgdepunkt for mange elevar og at det fremmar godt klassemiljø og gir elevane moglegheit til å møte naturfag, matematikk, teknologi og mange andre emne på ein spennande og engasjerande måte. Mange elevar i grunnskulen og ungdomsskulen opplever difor at interessa for realfag og teknologi blir større.

Plakat FLL 2019Plakat FLL 2019

Tips ein ven Skriv ut