Eid vidaregåande skule
int_dag01

Feira mangfaldet med internasjonal veke

Ved Eid vidaregåande skule er det elevar og tilsette med tilknyting til 37 ulike nasjonar. Første veka i februar feira skulen mangfaldet og samhaldet med ei internasjonal veke.

Programmet for veka var rikhaldig og variert med blant anna FN-rollespel, aktivitetsdag, klimadag og aksjonsdag. Tysdag 04.02. var sjølve startskotet for veka, med ein internasjonal aktivitetsdag som vart opna med heile skulen samla i Operasalen. 

FN-rollespel

I Operasalen spelte elevar frå vg3 studiespesialiserande FN-delegatar frå medlemslanda i Tryggingsrådet i FN. Oppdraget var å prøvde å løyse konflikten mellom Iran og USA. Til å leie FN-rollespelet deltok det representantar frå FN-sambandet.

FN_rollespel.jpgFN-rollespelet vart spelt i Operasalen og streama direkte på Eid vidaregåande skule sin YouTube-kanal.

Elevane ved vg3 studiespesialiserande har jobba tverrfagleg med førebuingane til møtet i "FN sitt tryggingsråd". I norsktimane har elevane fått trening i retorikk, argumentasjonsteknikk og skriving av taler og apellar. Historietimane har blitt brukt til å setje seg inn i historia og bakgrunnen for konflikta og dei ulike deltakarlanda i tryggingsrådet. I tillegg har elevane funne kostymer og andre særtrekk frå landa dei skulle spele.

Internasjonal aktivitetsdag

Tysdagen var fullspekka av ulike aktivetar for elevar og tilsette. Minoritetsrådgjevar Line Sunde Kvalheim hadde sett saman eit rikhaldig og variert program. I kinosalen synte Stad kino filmen Den grøne sykkelen. Rundt om på skulen kunne elevar og tilsette høyre på fleire føredrag av elevar frå ulike land. Elevar arrangerte lynkurs i arabisk. På en stasjon kunne ein knyte venskapsband. På eit klasserom fekk ein høyre om FN sitt arbeid og dei fredsbevarande styrkane. I foajjen var det utstillingar. Blant anna kunne ein der sjå alle flagga til dei 37 nasjonane som er representert på Eid vidaregåande skule.

Tysdag var det også ekstra lang og veldig god lunsj. Det vart då dekka til internasjonal buffet, som var som ein stor korgefest med bidrag frå heile verda. Dagen vart avslutta i Operasalen der resultatet frå forhandlingane i "FN sitt tryggingsråd" vart presentert. Sidan det var så mange aktivitetar rundt om på skulen, fekk ikkje elevar og tilsette sjå heile FN-rollespelet. Men det heile vart filma og streama direkte på YouTube. Det var elevar frå vg2 dataelektronikk som stod for streaminga. Under kan du sjå dette i opptak:

Internasjonal aktivitetsdag i media

Den internasjonale veka har fått merksemd i både Fjordabladet og Fjordenes Tidende:

 

fjt_FN_070220.jpg

Faksimile Fjordenes Tidende, 07.02.2020. Les meir i Fjordenes Tidende

 

FJORDA_Int_dag_070220.jpgFaksimile Fjordabladet, 07.02.2020. Les meir i Fjordabladet.

 

Internasjonal veke

Den internasjonale veka heldt fram med klimadag og Samane sin nasjonaldag på torsdag. Fredagen hadde elevane ved skulen innsamlingsaksjon til skuleprosjektet Living Concern Education Centre i Naiorobi, Kenya. Det kjem meir om dette i ein eigen artikkel her på eid.vgs.no.