Eid vidaregåande skule
05_lysdag_h_fagerli

Fagdag med fokus på lys

Korleis bruke lys i foto- og videoproduksjon? Dette ville elevane i medie- og informasjonskunnskap ved VG2 på studiespesialiserande lære meir om.

Faglærar Ellen Kristin Sætre organiserte då ein fagdag der lys var i fokus. Dei 23 elevane i medie- og informasjonskunnskap vart delt i grupper, og rullerte rundt på tre ulike stasjonar på skulen.

Kinosalen vart i anledning fagdagen rigga opp med ei rekkje lysspottar. Faglærar Kristian Myksvoll Sætren har blant anna utdanning innan teatralsk lysdesign. Elevane fekk her lære om korleis ein kan lyssetje ei scene, og korleis ein kan bruke fotoapparatet saman med avansert lyssetjing. Ein konsekvens av lys er skugge, og elevane fekk også erfare korleis ein kan bruke skuggane frå lys i ulike fargar.

Eid vidaregåande skule har også eit eige fotorom, og her var den andre stasjonen på fagdagen. Faglærar Anita Rotihaug har tidlegare arbeidd som journalist, og var ansvarleg for stasjonen med portrettfotografering. Elevane fekk ei grundig innføring i bruk av både reflektor og lampar, før dei fekk ta profesjonelle portrettfoto av kvarandre.

På den tredje stasjonen kunne faglærar i medie- og informasjonskunnskap Ellen Kristin Sætre lære elevane å måle med lys på eit fotografi. Dette gjorde ein med å mørklegge rommet, stille fotoapparatet inn på lang lukkartid, og gjere rørsler med ei lommelykt i handa. Her vart det laga mange kreative og tøffe bilde.

02_lysdag_h_fagerli.jpgLysstudio: Kinosalen tente som lysstudio på fagdagen. (Foto: Håvar Fagerli)

 

09_lysdag_h_fagerli.jpgSkugge: Her testar ein ut ulike skuggeeffektar med å bruke lys i ulike fargar. (Foto: Håvar Fagerli)

12_lysdag_h_fagerli.jpgPortrettfoto: Elevane ser korleis ein kan bruke blits og reflektor for å ta gode portrettfoto. (Foto: Håvar Fagerli)

14_lysdag_h_fagerli.jpgEffekt: Måling med lyskilde. (Foto: Eid vgs.)

08_lysdag_h_fagerli.jpgKamera: Elevane får også prøvd seg som fotografar under alle slags lysforhold. (Foto: Håvar Fagerli) 

Tips ein ven Skriv ut