Elevane på Eid vgs har aksjonsdag 16.november

Engasjerer seg for skuleprosjekt i Kenya

Elevane har aksjonsdag 16. november der dei samlar inn pengar til eit utviklingsprosjekt ved ei skule i Nairobi, Kenya.

Bøsseberarane skal gå med bøsser torsdag kveld 15.11. på Eid, og på heimplassane til dei enkelte elevane. Elevane som ikkje går med bøsse vil jobbe.  

Pengane frå aksjonsdagen går direkte til Loving Concern Education Centre, som Britt Lødøen frå Hornindal har vore engasjert i sidan 2000.

Mathareslummen er ein av dei eldste og største slummane i verda. Kring ein halv million menneske bur under kummerlege forhold i små skur. Det er opne kloakkar mellom skur-radene, og drikkevatnet vert ofte forureina.

Bygger endå ein etasje

Skulen er bygd i fleire etasjar, og fått fleire klasserom for dei pengane som allereie er samla inn. Elevar som har vore og besøkt skulen, har sjølv vore med å handla inn skulebøker og skrivebøker til elevane i slummen.

På skulen går om lag 400 elevar som kvar dag for eit varmt måltid. Dette gjer at foreldra sender borna på skulen. Det vert ein munn mindre å mette. Ein gong i veka får dei kjøt, elles er det ofte berre ris og bønner.

Støtta gjer at skulen vert ferdigbygd, og at borna får eit varmt måltid kvar dag. Dei får meir enn ei lærebok på k var klasse, skrivesaker og skrivebøker, og ikkje minst får dei ei utdanning som kan vere vegen ut av slummen. Alle pengane går uavkorta til skulen.