Bilete viser fargeblyantar

Bilete viser fargeblyantar

Elevundersøkinga

Alle elevane i Vestland skal gjennomføre elevundersøkinga no i haust. Her finn du informasjon til føresette og elevar om undersøkinga, og finn også lenke til sjølve undersøkinga.

Les spørsmåla nøye og svar så oppriktig som du kan.

Elevundersøkinga er ein nasjonal undersøking av elevane sitt læringsmiljø der målet  er å forbetre skulen. Tema i undersøkinga er mellom anna trivsel, motivasjon, læringsutbytte, mobbing og fysisk miljø. Spørsmåla er på nynorsk, bokmål, samisk, engelsk, dari, tigrinja og arabisk, og dei kan også bli lest opp på nynorsk, bokmål, engelsk og arabisk. Det er ikkje mogleg å kople enkeltelevar sine svar mot eleven, svara blir behandla trinnvis og skulevis. 

 

Her finn du meir informasjon for føresette: bokmål, nynorsk, engelsk, dari, tigrinja og arabisk.

Her finn du meir informasjon for elevar: bokmål, nynorsk, engelsk, dari, tigrinja og arabisk.

 

Her logger du deg på: Elevundersøkinga.