
Elevtenesta ved Eid vgs.
Elevtenesta ved Eid vidaragåande skule er ei tverrfagleg samansett gruppe med rådgjevarar, miljøkoordinator, avdelingsleiar, helsesjukepleiarar, psykisk helsearbeidar, minoritetsrådgjevar, politikontakt og oppfølgingstenesta.
I den daglege drifta arbeider medlemmene i gruppa med oppfølging og rettleiing av elevar, og for eit godt lærings- og psykososialt miljø ved skulen.
Elevtenesta deler erfaringar og kunnskap på tvers av fagfelt, og planlegg saman førebyggande tiltak og tema. Dette er temadagar, psykisk helse, fleirkulturell skule
Dei enkelte medlemmene har ulike arbeidsfelt, og har faste møtetider for elevar. Elevtenesta deler erfaringar og kunnskap på tvers av fagfelt, og planlegg saman førebyggande tiltak og tema. Medlemmane i elevtenesta er også aktivt ute i dei ulike klassene og i fellesområdet, med både rettleiing, trivselsskapande aktivitetar og førebygging.
Kven er i Elevtenesta?
Lillian Moss | Rådgjevar, studiespesialiserande og GMU |
Magnar Aase | Rådgjevar, yrkesfag |
Birgit Båfjord | Rådgjevar, tilpassa opplæring |
Hilde-Kristin G. Nord | Miljøkoordinator |
Line Sunde Kvalheim | Minoritetsrådgjevar |
Anne-Lise Karlsen | Helsesjukepleiar |
Anett Munch Oen | Psykisk helsearbeidar |
Brit Itland | Helsesjukepleiar |
Andreas Helle | Oppfølgingstenesta |
Hanne Heggen | Politikontakt |
Korleis arbeider Elevtenesta?
Elevtenesta har faste møter tysdagar klokka 0800-0845. Her oppdaterer ein kvarandre. Oppfølging av elevar vert koordinert og delegert. Ein samarbeider og planlegg felles prosjekt og tiltak. Leiar av Elevtenesta er bindeledd mellom leiinga av skulen og Elevtenesta.
Biletet under er frå ein av frukostane som Elevetenesta har arrangert for elevane. Klikk på biletet for å sjå artikkelen.