Gruppebilete

Eit luftig bedriftsbesøk på Alti Nordfjordeid

Førre veke var elevane som har økonomistyring på vg2 studiespesialiserande utdanningsprogram vore på bedriftsbesøk på Alti Nordfjordeid.

Galleri

Økonomielevane på vg2 studiespesialisering
Forlelesing med Gro ved Alti Nordfjord
Frå teknisk rom
Frå lageret
Utsikta frå taket på Alti Nordfjord

Skulekvardagen går seg etter kvart til og økonomiklassa på studiespesialiserande vg2 var fredag før helga på sitt fyrste bedriftsbesøk med smittevernet godt ivareteke!

Gro Gjerdevik, senterleiar ved Alti Nordfjordeid, tok godt i mot oss og gav oss eit interessant føredrag om korleis kvardagen på eit kjøpesenter er. Ikkje minst fekk vi høyre om utfordringane i høve Covid-19. Det var store kontrastar i høve vårt førre besøk, som var i fjor haust. Då fekk vi høyre om svimlande tal som Cruisetrafikken la att i butikkar og kor stor vekst handelsnæringa opplevde grunna denne nysatsinga på cruiseturisme på Nordfjordeid.

I tillegg til ei lærerik førelesing der elevane fekk sjå verdien av faget sitt i arbeidslivet, avslutta vi besøket med ei omvising på senteret. Vi fekk sjå «baksida» av senteret og alle funksjonane som må vere på plass for at butikkar skal kunne fungere og kundar skal få ei god oppleving på Alti. Tekniske rom, lager, møterom, kantine og sist, men ikkje minst, ei luftig oppleving.

Elevane fekk nemleg ei eksklusiv omvising på taket på Alti! Dette vart ei luftig og flott oppleving sidan været viste seg frå si beste side akkurat denne fredagen.

 

Takk til Gro for at vi fekk kome på besøk. Dette gjev elevane verdifull innsikt i arbeidslivet og ulike yrker i tillegg til fagleg påfyll knytt til økonomifaget!

 

Helsing

Renate Ness