Kovid testutstyr

Ein elev smitta med Covid-19

Eid vidaregåande skule hadde i går, onsdag, ein elev som var heime med symptom på korona. Koronatest synte positivt resultat.

Eleven var på skulen måndag og tysdag denne veka, så i samråd med smittevernlegen tok vi onsdag ettermiddag hurtigtest på elevane i dei to klassene som eleven har vore i. Ein elevmentor frå ei anna klasse, og ni lærarar som har vore inne og hatt timar i klassene har også teke hurtigtest. Tre testar gav ikkje utslag, så desse tek ny test i dag ved oppmøte på skulen. Dei andre testane var negative. Ingen av dei som tok hurtigtest hadde symptom.

Det viktigaste no er å vere merksame på symptom, og halde seg heime om ein kjenner på slike. Så er det viktig å halde avstand til andre der ein kan, og vask hendene ofte.

I samråd med smittevernlege skal vi gjennomføre hurtigtest på dei same elevane og tilsette på fredag og måndag. Dersom nokon får symptom må dei halde seg heime og bestille koronatest. Informasjon om bestilling av test ligg på kommunane sine heimesider.

Tilsette og elevar vart orienterte via teams i går ettermiddag. Skulekvardagen går vidare omtrent som normalt, og vi vil minne om dei generelle reglane vi har på grønt nivå.