IMG_20201207_085959

Handverk, design og produktutvikling (HDP)

For deg som:
  • ​Likar å teikne og arbeide med hendene.
  • Er nysgjerrig på handverksfag.
  • Ønsker å skape noko i ulike material.
  • Vil lære gjennom praktisk arbeid

Galleri

20200928_125146616_iOS
20201203_115812037_iOS
DSC_0043
DSC_0081
DSC_0160
DSCF1266
IMG_20201216_104601
DSC_0192

Noko av det du lærer på HDP

  • Utvikle eit produkt frå idè til ferdig resultat ved hjelp av ulike metodar og prosessar.
  • Grunnleggande handverksferdigheiter i mellom anna tekstil, trearbeid, metallarbeid og leire.
  • Tilgong og opplæring i profesjonelle digitale verkty som Adobe- og Autodeskpakken.
  • Lærer å bruke manuelle og datastyrte maskiner i godt ustyrte verkstadar. Til dømes maskiner til trearbeid og folie- og laserkuttar.
  • Tid til å fordjupe seg i sjølvvalt handverksfag.
  • Samarbeide med andre i kreative prosessar.

Kva kan du bli?

HDP er eit yrkesfag, og er grunnlaget for mange spennande handverksyrker. Nokre av desse er innan saum og tekstil, trearbeid, keramikk, gull- og sølvsmed, båtbyggar, glashandverk og ur- og instrumentmakar. Oversikt over moglege yrke etter HDP finn du på på vilbli.no

  • I nokre av desse yrka kan du gå rett ut i lære etter vg1. Dette blir kalla 1 + 3 modellen.
  • I andre yrke går du vidare på vg2.
  • Etter fagbrev eller vg2 kan du velje å ta eit år påbygg for å få generell studiekompetanse.

 

Sjå fleire bilder av våre prosjekt på Instagram: @hdp_eid_vgs

Brosjyre for kreative fag ved Eid vgs.

 

Eid vidaregåande skule

Som elev ved Eid vidaregåande skule får du vere med å jobbe tett opp mot aktivitetar/arrangement i Operahuset, spesielt den årlege skulemusikalen som elevane produserer. Du får samarbeide med elevar frå andre klassar og faglærarar med ulik kompetanse. Gjennom samarbeid med Opera Nordfjord får ein moglegheit til å ta del i arbeidet med ei operaoppsetting og arbeide saman med profesjonelle fagfolk innan kulturfeltet.

Felles tilbod for elevar ved Eid vgs

  • Kvar veke er det open skule med aktivitetar og gratis middag
  • Valfaga musikal og breiddeidrett
  • Tilgong til treningsrom
  • Stor flott kantine
  • Kantina tek omsyn til allergiar m.m.

Kontakt

Avdelingsleiar 
Ove Lillestøl
415 30 811
ove.lillestol@vlfk.no

kreativefageidvgs@vlfk.no