Eid vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Handverk, design og produktutvikling
Kostymesyer

Handverk, design og produktutvikling

Nytt nasjonalt utdanningsprogram frå hausten 2020. Er du interessert i å arbeide med hendene, interessert i å forme og lage gjenstander og er nøyaktig og uthaldande passar dette deg.

Det som i dag heiter Design og handverk, blir frå hausten av delt i to ulike utdanningsprogram. Det eine programmet heiter Frisør, Blomster, Interiør og Eksponeringsdesign og det andre heiter Handverk, Design og Produktutvikling. 

 

Utdanningsprogrammet Handverk, Design og Produktutvikling fører til mange ulike yrker: 
Kjole- og draktsyar, kostymesyar eller bunadstilvirkar, keramikar, glashandverkar, gull- eller sølvsmed med fleire

Handverk, design og produktutvikling er eit yrkesfag, og Eid vidaregåande skule tilbyr slike kurs :

  • Vg1 Handverk, design og produktutvikling (nytt nasjonalt utdanningsprogram)
  • Vg2 Trearbeid frå hausten 2021, eller 1+3 modell

Du lærer om handverksteknikkar, ulike materiale, berekraftig design og produktutvikling og om handverks- og kulturhistorie. Les meir om handverk, design og produktuvikling og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no

Ved Eid vidaregåande skule

Som elev på Eid vgs får du vere med på å jobbe tett opp mot aktivitetar/arrangement i Operahuset Nordfjord, spesielt med Opera Nordfjord og årleg skulemusikal som elevane på skulen produserer. Du får jobbe i team med elevar  frå andre klassar som industriell møbelproduksjon, elenergi og industriteknologi. Du får også jobbe saman med mange ulike faglærarar med ulik kompetanse og profesjonelle som jobbar innan kulturfeltet. Alt som ein del av faga på handverk, design og produktutvikling

På Vg1 jobbar du med ulike teknikkar og fordjupar deg etter kvart i det lærefaget du ønskjer å gå vidare på. 

Kvifor velje dette faget

Du får lære å vere kreativ på ein nyttig og kjekk måte. Leike med det kreative, samstundes som du lærer mykje.

 

Kontakt

Avdelingsleiar 
Torild Natvik
920 19 855

Torild.natvik@vlfk.no