Ein elev og tre frisørar

Design-elevar på Fin Frisør i engelsktimen

I engelskfaget arbeider vi for tida med å lage vår eigen versjon av den britiske TV-produksjonen “100% Hotter” som er eit bli-ny-konsept der heldige utvalde får fornya frisyre, garderobe og sjølvsagt sminkeuttrykk. Kva er då meir naturleg enn å besøke ei lokal bedrift som driv med hår og hud. 

Designklassene på skulen (1DHA, 1DHB og 2IUA) var på bedriftsbesøk til Fin Frisør og Hudpleie i Eidsgata torsdag i førre veke for å lære meir om faget og bedrifta.

Vi vart tekne godt i mot av eigarane Anne Tove Thorsnes og Kari Elisabeth Flaten. Besøket starta med omvising i den moderne og innbydande salongen som omfattar ein frisørdel og to behandlingsrom for hud- og fot-pleie. Vidare fortalde Thorsnes og Flaten oss om alt frå kva det inneber å vere sjølvstendig næringsdrivande til korleis dei arbeider for å posisjonere seg blant andre frisør- og hudpleiebedrifter i Nordfjordeid sentrum.

Sidan fleire av elevane i design-klassene ynskjer å bli frisørar i framtida, var det sjølvsagt også interessant å få svar på spørsmål om mellom anna behov for engelskkunnskap, utdanning, løn, HMS og ergonomi i frisør-yrket.

Etter besøket sat vi igjen med eit veldig godt inntrykk av både salongen og frisør-yrket og kanskje inspirerte dei to forretningskvinnene fleire til å søke seg mot frisør-yrket.

Vi set i alle høve stor pris på at vi fekk kome på besøk til Fin Frisør og Hudpleie!

 

Cristina, Anita og Ragnhild og elevane i 1DHA/B og 2IUA

Tips ein ven Skriv ut