Eid vidaregåande skule
Her kan ein sjå nokre panel som elevar på vg2 Interiør og eksponeringsdesign har sydd og mala.

Her kan ein sjå nokre panel som elevar på vg2 Interiør og eksponeringsdesign har sydd og mala.

Elevarbeid til operaen «Jorden rundt på 80 dager»

I desse dagar er det noregspremiere på musikalen «Jorden rundt på 80 dagar» i Opera Nordfjord. Elevar ved Eid vidaregåande skule har bidratt til denne musikalen ved å lage nokre rekvisittar, og å overflatebehandla nokre kulissar i lag med andre. 

Galleri

bilde 2
Her er lianene i bruk inne på scena.
Bilde 3
Elevar på vg1 Handverk, design og produktutvikling mala mønster på ein kvit parasoll.
Bilde 4
Maling på bakstykke som skal syast fast på parasollen.
Bilde 5
Maling av blad til lianar. Eit samarbeid mellom elevar på vg2 Interiør og eksponeringsdesign og vg1 Handverk, design og produktutvikling.
Bilde 7
Elevar på vg2 Interiør og eksponeringsdesign saga ut, mala og dekorerte dragen som er med i stykket.
Bilde 8
Detaljar av dragen.
Bilde 9
Her er parasollen og putene i bruk inne på scena.
Bilde 10
Elevar på vg1 Handverk, design og produktutvikling sydde puter i ulike stoff og med ulike innhald i mange fine stoff.
Bilde 11
Caroline i symodus.
Bilde 12
Maling av tau til lianar.

Elevane har jobba med overflatebehandling, jobba med tekstil, måla eit telt/parasoll og laga ein drage. Det har vore brukt mykje tid på å lage lianar og blad, og det har vore sveisa konstruksjonar på metallverkstaden. Elevar på vg2 Frisør har og jobba kveld etter kveld bak scena.

Klasser som har vore med og bidratt er

  • Vg2 Interiør og eksponeringsdesign
  • Vg2 Frisør
  • Vg2 Industriteknologi
  • Vg1 Handverk, design og produktutvikling
  • Vg1 Teknologi- og industrifag

Vi er veldig glade, og stolte over det arbeidet som har blitt gjort. Ekstra kjekt å få komme på generalprøva og få sjå alt i bruk!