Eid vidaregåande skule
Elevane på vg2 interiør og utstillingsdesign på bedriftsbesøk i Bergen

INTERIØR OG UTSTILLINGSDESIGN

Eit skuleår går raskt. Elevane som går vg2 interiør og utstillingsdesign har vært på eksursjon til Bergen for å undersøkje vegane vidare etter dette skuleåret. På turen fekk dei  besøke fleire skular som er aktuelle for dei å søkje på neste skuleår

Galleri

Kva er god design

Ein av skulane var Høyskolen Kristiania, der fekk elevane møte faglærar i Interiør. Ho hadde foredrag om korleis vi kan arbeid med å skape god design. Seinare på dagen var vi på Årstad, der vi fekk møtte elevar som har gått vidare på Interiør vg3. Dei synte oss oppgåver dei har arbeidd med denne hausten og vi fekk gå rundt og sjå kva elevane arbeider med og prate med dei.
Fredagen var vi på skulebesøk på Bergen arkitektskule, der fekk vi eit godt innblikk i korleis dei arbeider med ulike prosjekt og med modellar i ulike målestokkar.

På turen var vi og innom bedrifter som arbeider med profileringsdesign og fekk meir kjennskap til kva vi kan lære som lærling neste skuleår. Her fekk vi sjå foliering, arbeid med logo og messestand.  Deretter hadde vi oss ein kjekk tur til Ikea, der vi fekk vere med interiørdesigner Åsa . Det var spennande å høyre og sjå korleis dei arbeider med å bygge opp utstillingsrom og lage interiørløysingar for kundar. Innimellom skule og bedriftsbesøk fekk vi tid til litt å ete god mat, kike på god design og litt shopping.
Det var spennande  å sjå nokre av dei mulighetene vi har etter interiør og utstilingsdesign.